Nå har me begynt å ta avskjed, og på tirsdag var eg hos mine gode venner i Monte Sinai. Dei hadde stellt i stand ein fin liten fest, og kom med gode ord. Sjølv kjenner eg at eg er så takknemlig for å ha fått blitt kjent med denne gjengen, og eg gleder meg allerede til å komme tilbake og sjå kva dei har fått til.
Presidenten var forresten på besøk på skulen som me samarbeider med her, så fleire av damene i komiteen måtte skynde seg til skulen for å møte han. Etter å ha vore på skulen i Monte Sinai reiste han til ein av dei andre samarbeidskulane våre. I følget hans var det rundt 150 bilar så det var rimelig kaotisk i området.