tirsdag 1. februar 2011

Bolivia i forrige veke


Sist veke var me så heldige at me fekk vera ei veke i Bolivia, grunnen var den årlige fellessamlingen som utsendingane i Bolivia og Ecuador har. Me hadde ei kjempefine veke, med veldig bra opplegg!
På flyplassen i Lima plukka me opp vår kjekke nevø, Peter, og han var med oss nesten heile veka.
Ein ettermiddag var det 4hjulingkjøring som aktivitet, det var veldig populært. Knut Harald brista eller brakk ribbeinet sitt når han og Philip velta, men kva kan ein vente når ein ber sonen sin gi gass?
Pernille og Sunniva er gode venner
Det var kaldt i Bolivia, så hettene blei brukt flittig.

Og det var mykje godt brød...
Ein dag var me på prosjektbesøk i Sorata, ein vakker liten by som ligg 3 timar køyring fra La paz, her tok me ein liten kaffi- og tepause på kontoret.

På fredagen besøkte Håkon, Ole-Bjørn og eg saman med Torborg og Magne Steine Diaconia-Frif(mikrokredittorganisasjonen i Bolivia), og El Alto-prosjektet. Her er Håkon saman med ei dame som er lånekunde.
Flotte kvinner som hadde ei samling på ei slette
Kva trur dåkke er oppi denne?
Mens nokre var på omvisning hadde resten hageselskap i hagen til familien Mehus Rugland.

På lørdagen var familien Dobbe på sightseeing i LaPaz, Frida fekk nok ein gong nye solbriller, kanskje ikkje den ultimate Boliviasuveniren, men jaja
Utfor presidentpalasset i LaPaz

4 kommentarer:

Liv Jorunn sa...

Fine folk! Og tenk at jeg er i familie med de. Herlig :)

Frida ser rett og slett ut som en diva med de nye solbrillene sine. Fin er ho! Husker vi var på solbrilleshopping da vi var i Ecuador óg.

Gleder meg til livet i Stavanger i 2012!

Anonym sa...

Ja, kjekt å lese og sjå litt om korleis dagane er..Masse opplevelsar og erfaringar...Her i Bodø gleder eg meg over ein fin skitur i forrige veke og ein ny i vente i morgon kveld...: ) Fint å lese nynorsk igjen og litt utfordrande å prøve og holde den vedlike....Ha det godt så lenge : )
Heidi

Brit Elin sa...

Jeg syns solbrille-divaen har blitt ei ordentlig stor jente, og tenk at det er over ett år til jeg får se ho og dere andre igjen.

Ikke bli for store!! Savner deres blide og gode åsyn.

Ingerlise sa...

Takk for kjekke kommentarar, I Bolivia er det masse Ryfylkefolk som brukar nynorsk, så eg blei litt inspirert:)