onsdag 16. februar 2011

Monte Sinai

Denne våren skal eg jobba ein del saman med ein facilitator på kontoret som heiter Merwin. Han har blant anna ansvar for å følge opp ei gruppe som held til i Monte Sinai, dei har jobba med Misjonsalliansen litt over 1 år, og er ganske nye som partner for Misjonsalliansen. I går var me på eit møte for ledarar i lokalsamfunnet, heilt fantastisk kjekt å få vera med på.
Den første som møtte oss var denne smilande mannen, han er ein av dei som har budd i området lengst tid.
Og dette er naboen, saman var dei ute med spader og prøvde å ordne litt på vegen. I februar har det regna kvar einaste dag, noko som ein merkar godt på vegane.
Etter å ha prata litt med desse mennene gjekk me opp i kyrkja, det er den dåkke ser her.
Her blir benker satt fram
Og her er det gruppearbeid, der kver gruppe skulle skrive ned eigenskaper som var ønska og ikkje-ønska av ein ledar.
Det var utrulig kjekt å sjå korleis alle deltok

Dette er Kellita som også jobber i Misjonsalliansen, ei dyktig dame.

Ivrig diskusjon
Merwin som er den frå Misjonsalliansen som har ansvar i Monte Sinai, i lystig samtale med dyktige damer.

Ei av desse damene fortalte korleis ho dagen før hadde vore i møte og korleis ein advokat hadde vore så nedlatande mot henne og hadde kome med truslar mot henne. Dette fordi ho ikkje fant seg i å bli dårlig behandla, fordi ho sa i frå om sine rettigheter og fordi ho turde å seie han i mot. Ei fantastisk modig dame! Nokre av dei andre på møtet satt bare og måpte når ho snakka, og ba henne vera forsiktige. 

Eg må sei at det føles som eit stort privelegium å ha denne jobben, eg møter så mange mennesker som gjer så inntrykk. Og eg lærer så mykje av dei.
Her ser dåkke at vegen har blitt ganske så sorpete.

4 kommentarer:

Mamma Solveig sa...

Kjære Inger Lise.

Så kjekt og interessant å lesa.
Lykke til i arbeidet.
Hilsen mamma

Liv Jorunn sa...

Når jeg leser innlegg som dette, så sitter jeg alltid med en klump i halsen. Det er så sterkt å lese det du skriver, Inger Lise.
Atter en gang blir tankene satt i sving og jeg takker for at vi er så heldige som vi er her i Norge. Er litt for lett å ta det for gitt kjenner jeg.

Som jeg har sagt før: Jeg er så stolt av dere!

Klem fra Liv Jorunn

Anonym sa...

Kjære Inger Lise.
Jeg er stolt over å ha dere i dette fantastiske arbeidet. Lykke til videre. Klem fra svigermor.

Inger Lise sa...

takk for oppmuntrande kommentarar!