onsdag 23. februar 2011

Ny rapport

Eg har ikkje tenkt å skriva om Monte Sinai kver veka, men eg må bare fortella litt om gårsdagens møte. Først var det møte der ein fortsatte å snakke om lederskap, og forskjellige typar ledarar. Det er rett og slett ille å høyre om alle dårlige lederane dei kjenner til, for eksempel hadde ingen av dei 20 personane som deltok i går opplevd at ein ledar hadde omsorg for dei. Ein ledar som var ærlig var også ukjent for dei, mens lederarar som brukte makt og trusler var veldig kjent.

Eg hadde ikkje med meg fotoapparat, så dette er eit illustrasjonsfoto av eit hus som ikkje gjer meg så trist som dei husa eg såg i går.

Etter møtet tok me ein rundtur i området slik at dei ulike medlemmene skulle kjenne til kor dei andre budde. Me parkerte bilen og rusla litt innover, og dess lengre vekk frå hovedveien me kom, dess verre blei det. Då me passerte eit lite hus på nokre få kvadratmeter og me høyrde barnegråten der inne vart eg heilt mållaus, bur det verkeleg nokon der? og nokre minutter seinare passerte me eit hus som vakla på kanten av ein topp, eit kraftig regnver og så detter dette huset kommenterte ein av dei andre som bur i nærheten.

På toppen av ein bakke låg det eit anna lite hus, og diskusjonen gjekk på om det var utedoen eller hus...nei det er eit hus fortalte ein av naboane, utedoen er bak gardinene som heng ved sida av...

Desse husa, som knapt kan kallas hus ville ikkje vore gode nok som redskapshus/utebod for dei fleste av oss nordmenn. Dei ville vore for stygge, det hadde kome for mykje regn inn, men kanskje aller viktigast dei hadde ikkje vore store nok for oss.....

0 kommentarer: