For 2 år sidan begynte Misjonsalliansen å utarbeide ein metode for korleis me jobber. Ein av dei viktige tinga som me har gjort er å sei noko om kva ein kan forventa at dei forskjellige gruppene etter som tida går. I den første etappa er det utan tvil Misjonsalliansen som gjer mest, mens i etappe 2 begynner gruppene sjølv å utføre mykje av arbeidet.
Metoden består av 6 etapper, og i alle etappene går det igjen at me skal jobbe med identitet, deltakelse, ledelse, administrasjon og strategi.
Eg er så heldig at eg får vera mykje saman med dei 4 gruppene som er i etappe 2, og som då ikkje har så lang fartstid saman med Misjonsalliansen. Her er 2 av gruppene samla på mandag, då var det eit kurs for dei på kontoret til Misjonsalliansen. Dei fekk undervisning i blant anna planlegging og prioritering.
Deltakarane noterte ivrig, og var svært aktive
Her snakker ein om ordet utvikling, kva betyr det? kva legg me i ordet? Kan ein ved å sjå på eit hus seie noko om det er utvikling? Det var fantastisk å høyre refleksjonen til deltakarane rundt dette temaet!
Kva meiner dåkke i Norge? hvis du ser for deg eit hus i Norge, og så eit bambushus i Ecuador, kor ser du mest utvikling?
Merwin er sosialarbeider og er ansvarlig for å følge opp desse to gruppene.
Her har dei teikna eit kart over området dei meiner dei representerer.
Det er eit stort privelegium å få vera tett på, og sjå korleis grupper og enkeltpersonar etterkvart tar meir og meir ansvar, og korleis sjøltilliten aukar. Og korleis dei får meir og meir tru på at dei har masse ressurser som kan komme lokalsamfunnet til gode.
Det er dette Misjonsalliansen gjer: me prøver å legge til rette for at menneska me møter skal finne fram til ressursene dei har, og på den måten kan dei sjølv ta tak i sine eigne utfordringar. Me er der, me underviser og rettleder, me går saman med dei, men me ønsker at dei sjølve skal vera aktørane som utfører!
1 kommentarer:
Jeg liker arbeidet deres :) Stå på videre!!
Legg inn en kommentar