I dag gjekk startskuddet for den første testekampanjen for Hiv som me skal ha saman med område 11 i år. I alt skal det vera 8 kampanjer med dette området dei neste 3 månedane. Og alle blir utført av og på dei forskjellige helsestasjonane.
På bildet her er den ansvarlige legen, og han var veldig fornøyd i dag. Målet var å ta 120 testar, men dei var nokså sikre på å ta fleire, for allereie kl.11.30 hadde dei tatt over 80 testar. Denne helsestasjonen tar prøvar ellers i vekene også, kvar måned blir det utført rundt 40 testar.
Her sit nokre personar og venter på å få den obligatoriske informasjonen før dei får lov til å ta testen. Nokre hadde tatt testen fleire gonger før, mens for andre var det første gong. Det var nokre veldig dyktige og profesjonelle personar ved helsestasjonen som informerte om hiv/aids. Dei snakka blant anna om smittemåtar, og om forskjellige typar prevensjon.
Testane som vart utførte var hurtigtestar, eit lite stikk i fingeren.
Og så etter 20-30 minutter kan ein lese av svaret. Alle får svaret i ein personlig samtale med ein godkjent hivrådgivar.
Carolina som jobber i Hiv/aidsprosjektet i Misjonsalliansen var tilstade heile dagen, og observerte at alt gjekk bra. Ho var svært imponert over korleis helsestasjonen gjorde dette, det var tydelig at det var godt planlagt og at dei ansatte hadde mykje kunnskap.
Misjonsalliansen har vore med å lære opp rådgiverane på helsestasjonen, i tillegg betaler me prøvane og hjelper til med alt utstyret som trengs.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar