fredag 9. desember 2011

Eg er så stolt!

I hivaidsprosjektet er det 25 ungdommar som dette året har vore med på å informere 5300 ungdomsskuleelevar om tema som verdier, seksualitet, solidaritet og hiv/aids i 2011. Dette er nokre fantastiske ungdommar som sprer masse glede, og som har mykje til felles med norske ungdommar. 
I forrige veke fekk eg vera med å snakka med 3 av mødrene, for å høyre kva dei tenkte om prosjektet. Dei fortalte blant anna korleis barna deira hadde fått utvikla seg, korleis dei hadde fått bedre sjølvtillit, korleis dei hadde lært å planlegge og prioritere og korleis dei kunne samle alle nabokvinnene og snakke med dei om tema som mange ganger er tabu. 

Men eg fekk også innblikk i ein tøff kvardag, blant anna fortalte dei om søsken som har blitt myrda, redselen for kriminalitet og alkoholproblemer og sjukdom i familien, og det gjekk verkelig opp for meg at desse ungdommane har med seg mange sterke historiar.
 På onsdag hadde me avslutningsmiddag for dei, og det var så vakkert! Det var latter og glede, og det var tårer og takknemlighet. Fleire fortalte korleis det å få vera med i prosjektet har gitt livet deira ein retning og gitt dei tru på framtida. Ein fortalte at han ikkje trudde han var verdt noko, men at han etter desse 2 åra i prosjektet har lært at han har stor verdi.

 Det var utdeling av julegaver, mange fortalte at dei ikkje hadde hatt råd til å kjøpe noko, men delte heller ut gode ord
 Gabriella er leder for hivaidsprosjektet og leste opp eit brev fra Mariuxi som har vore ansvarlige for ungdommane, men som dessverre ikkje kunne vera med denne dagen.

 Vel fortjent julemiddag!
Latter og glede er kjenneteikn for denne gjengen

Midt i programmet vart det annonsert at eg skulle seie noko.....og sidan dette kom ganske så spontant hadde eg ikkje fått forberedt meg. Men det eg kunne seie var at eg er så stolt av dei, eg er så stolt over det dei har gjort, over korleis dei representerer Misjonsalliansen og så stolt over alt ansvar dei har tatt ! Ja eg er så stolt at tårene spretter! For dette er ressursungdom som garantert kjem til å sette spor etter seg!

1 kommentarer:

Anna sa...

Åhh, så utrolig kjekt å lese!!
Dåkke gjør en fantastisk jobb sammen med disse!
-Stolt lillesøster-