søndag 8. januar 2012

Are we really having vacation?

 I romjula var me på Galapagos(ei øygruppe som høyrer til Ecuador), og Philip kjøpte seg ei t-skjorte med teksten "Are we really having vacation?"........For det var ingen vanlig badeferie me var på, nei det var tidlig opp om morgonane for å delta på forskjellige turar og aktiviteter. Me sov ikkje så lenge, men me opplevde mykje, og hadde ein ferie me ikkje kjem til å gløyma!


Sjøløver såg me masse av, me snorkla saman med dei, og ungane opplevde å ha dei ganske så nære når dei bada.
Blue-footed Booby er Pernille sin yndlingsfugl, les meir om den her
Jentene har lært masse om Galapagos på skulen, og "Lonesome George" er kjendis her i Ecuador.

Me snorkla med ufarlige haier
Pingviner fekk me sjå lite til, faktisk bare to......, her er den eine.......

Pernille og Frida varmer seg på vulkanvarme, det regna og var litt småkjølig, så då var det godt å varma seg.
Den sporty familien på toppen av vulkanen på Isabella! Dette skal vera verdens 2.største vulkankrater.





Me hadde mange forskjellige guider, og denne karen var verkelig ein som me kjem til å huska......dåkke kan gleda dåkke til någen gode historiar................
På fiskemarkedet på St.Cruz var pelikanene ganske innpåslitne, og fiskeselgaren måtte fleire gonger vifte dei vekk med kniven sin.

Me har vore heldige og reist mykje desse åra me har budd i Ecudor, men nå er det slutt på reisinga......dette var nok ein av dei siste ferieturane våre her, iallefall på ei stund............

2 kommentarer:

Ann Kristin sa...

Er guiden på Galapagos "bedre" enn Juan???Ja da skjønner jeg dere har noen gode historier;-)

ingerlise sa...

ja han var i en annen klasse..